Gå til sidens hovedinnhold

Person omkommen etter trafikkulykke i Nordfjord

Ein person omkom i ulykke i Nordfjordeid tysdag.

Politiet fekk tysdag melding om ei trafikkulykke på Remmedalsveien i Nordfjordeid. Det var ein betongbil som var involvert i dødsulykka. Den skal ha skjedd femti meter frå krysset til Hjalmavegen og Bjørhovdevegen.

Les også

Person frakta til Haukeland med luftambulanse: – Ganske alvorleg ulykke

Alle nødetatane rykte ut til staden saman med luftambulanse. Det ble sett i gang livreddande tiltak på førar av køyretøyet. Personen blei etter kvart frakta med luftambulanse til Haukeland Universitetssykehus.

Personen blei seinare erklært død. Pårørende er varsla. Det melder Vest politisdistrikt i ei pressemelding litt før klokka 16 tysdag.

Politiet har gjennomført tekniske undersøkingar på staden, og Statens havarikommisjon er varsla om ulykka. Statens vegvesen sin ulykkesgruppe er også på veg til staden.

Det blir ikkje gitt meir informasjon om hendingsforløpet per no, melder politiet. Saka blir etterforska av lokalt politi i Nordfjord lensmannsdistrikt, skriv politiet vidare.