Gå til sidens hovedinnhold

Person omkom etter trafikkulykke

Nærmaste pårørande er varsla.

Klokka 05:53 laurdag morgon vart ei trafikkulykke meldt til AMK.

Ein personbil hadde køyrt i veggen i Midnestunnelen FV53 mellom Årdalstangen og Øvre Årdal. Det vart meldt om store materielle skader.

Andre bilistar på staden utførte førstehjelp til naudetatane kom fram.

Livet til føraren, ein mann i 50-åra, stod dessverre ikkje til å redde. Mannen vart erklært død på staden.

Politiet har varsla nærmasta pårørande.

Innleiande åstadundersøkingar er gjennomført, og politiet ventar no på at Statens vegvesen si ulykkesgruppe skal komme til staden.

Bilvraket er dekt til, men har ikkje blitt henta ut av tunnelen enno.

Førebels er det manuell dirigering på staden, men politiet varslar at tunnelen vil bli stengt i ein kortare periode laurdag for ytterlegare åstadarbeid.

Årsaka til ulykka er førebels ukjent.