Gå til sidens hovedinnhold

Person mista kontroll over robåt utanfor Askvoll

Hovudredingssentralen sendte personell til området for å sjekke, men personen kom seg inn att sjølv.

Hovudredingssentralen Sør-Norge melder tysdag kveld om at ein person i ein robåt ved Dørhelleneset i Askvoll har mista kontrollen over båten i vinden.

Hovudredingssentralen skriv på twitter at dei sender ressurs til staden for å sjekke.

Vakthavande redningsleiar ved Hovudredningssentralen, Cecilie Øversveen, fortel til Firda at personen no hadde greidd å komme seg inn til land att.