– Det hadde vore eit drikkelag i eit privat husvære i Førde sentrum. Den fornærma hadde fått hjelp v ein venn og komme seg til legevakta, der han fekk sydd ein kuttskade i handa. Etter det tok han kontakt med politiet, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Med andre ord var det den fornærma som sjølv melde saka til politiet. Det skjedde kring klokka 15.30. Då hadde det gått om lag ein time sidan knivepisoden, seier Hellesund.

– Etter at vi fekk meldinga, rykte vi ut til adressa og har no kontroll på det vi meiner er gjerningspersonen, seier han.

Politiet har også kontroll på ein kniv dei meiner har blitt brukt.

Den fornærma er ikkje livstrugande skadd, men måtte sy fleire sting i ei hand. Både den fornærma og den mistenkte er utanlandske statsborgarar i 30-åra. Etter det politiet kjenner til, budde begge på adressa der hendinga skjedde.

– Det var eit vitne, altså han som køyrde den skadde til legevakta. Men han skal ikkje ha sett sjølve hendinga, seier operasjonsleiaren.

Det var Bergens Tidende som først melde om hendinga.