Gå til sidens hovedinnhold

Person henta med luftambulanse etter ulykke i Nordfjord

Torsdag ettermiddag skjedde det ei ulykke ved Stårheim ferjekai i Nordfjord. Det melder politiet, som klokka 1647 rykte ut til staden.

Politiet gjer undersøkingar på staden og opplyser at det verkar som det er snakk om ei arbeidsulykke. Skadeomfanget er førebels ukjent, men ein person er skadd og blir frakta til Førde sentralsjukehus i luftambulanse.

Har du bilde, video eller informasjon frå staden? Del det gjerne med oss her.