Utfordrar besteforeldre

Barnepsykologi for besteforeldre: Magne Raundalen utfordrar besteforeldre til å ha fleire gode og lange samtalar med barnebarna

Barnepsykologi for besteforeldre: Magne Raundalen utfordrar besteforeldre til å ha fleire gode og lange samtalar med barnebarna Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Barnepsykolog Magne Raundalen er uroa over at barn har for lite samtalar med vaksne.

DEL

– Det uroar meg at barn har for få samtalar med vaksne. Språk og samtale utviklar hjernen, og eg vil derfor oppfordre besteforeldre til å vere samtalepartnar med barnebarna. Vis dei at med deg kan dei snakke om alt, og at deg kan dei stole på.

Dette seier Magne Raundalen, barnepsykolog ved senter for krisepsykologi i Bergen. Han vert rekna som ein av dei fremste barnepsykologane i Norge. Onsdag samla han og Senioruniversitetet i Førde om lag 150 personar til foredrag om mobbing.

– Viss du mistenker eller finn ut at barnet vert mobba er det viktig å halde oppe den tilliten de har bygd opp i lag. Då skal du ikkje rapportere vidare med det første. Tenk deg godt om. Gi dei litt tid og snakk med dei før du går til handling og varslar foreldre og andre, seier Raundalen, som oppmodar til at ein skal «skunde seg langsamt». 

Kvar startar mobbinga?

– I dag tidleg spurde eg Raundalen «Kvar startar mobbinga?». Vi må verte flinkare til å passe på kva vi seier framfor barn og unge, for ein veit aldri korleis dei vil tolke det, seier sekretær for Senioruniversitetet, Monrad Kolstad. I forelesinga prøvde Raundalen også å gi eit svar på dette ved å vise til ei setning som summerer opp femti år med forsking på sinne og aggresjon av forskaren Leonard Berkowitz: «We are bad when we feel bad».

– Ofte får vi barn til å føle seg enda verre om vi kjeftar på dei.

Barnehjernevern

– Forsking viser at berre 12–15 prosent av hjernen er kopla opp som nyfødd. Resten skal aktiverast og byggast opp av erfaringar som bygger koplingane i hjernen. Vald, mobbing og traume er som uvêr gjennom oppbygginga av hjernen. Desse minna bygger såkalla «negative nettverk» av vonde minne som kan verte dominerande for ein person heile livet.

I tillegg til dette kan ein få mellombels hjerneskade av å vere i ein tilstand av frykt.

– Kortisol vert sleppt ut i hjernen når ein er redd og stressa. For mykje av det kan over lang tid forgifte hjernen. Det svekker immunsystemet og minnet, og forsinkar utviklinga. Vi må vere på vakt og vere «barnehjernevernet», verne om hjernen til barna for å unngå skade. Einaste måten å dempe spenninga som desse koplingane aktiverer er gjennom samtale og tilarbeiding av dei vonde minna, seier Raundalen.

Opprydding

Raundalen meiner det er svært viktig å skilje mellom fryktskapande mobbing og lærerike samanstøyt.

– Det vi tek skade av er mobbing, sinne og kjeft som er «uvarsla uver». Vi lærer av konfliktar. Det er viktig for barn og unge å kunne meistre ubehagelege kjensler i samanstøyt med vaksne og andre born.

Når Raundalen snakkar om mobbing er tre former gjeldande; Fysisk skadeleg og truande mobbing, utestenging og utfrysing, og ryktespreiing som øydelegg sjølvbildet. Han seier denne siste forma har auka meir med nettbruk, men trur ikkje at nettmobbinga har vorte meir gjeldande enn dei andre formene.

– Den som vert mobba, vert mobba overalt. Det er nok lettare å forsvare seg på nett enn å forsvare seg mot utestenging.

Dei fleste til stades på forelesinga var seniorar, men temaet «Mobbing angår oss alle» engasjerte folk i alle aldrar.

– Vi bestemte oss for dette temaet for eit år sidan. Vi held forelesingar om det som er aktuelt i tida, og vi legg vekt på å få hit dei med høg fagkompetanse, seier sekretær for Senioruniversitetet Monrad Kolstad.

Artikkeltags