Gå til sidens hovedinnhold

Pelsdyrbønder kan få endeleg svar om erstatning

To år etter at Stortinget vedtok å forby pelsdyr i Noreg, kan oppdrettarane omsider få endeleg svar på kva slags erstatning dei skal få.

– Målet mitt er å jobbe for semje i komiteen. Det er Frps mål, og eg opplever at dei andre partia deler det målet, seier Bengt Runar Strifeldt (Frp).

– No må vi klare å lande saka så ikkje berre vi politikarar, men også pelsdyrnæringa kan løfte blikket og sjå framover, seier han til NTB.

Strifeldt har ansvar for å lóse saka om kompensasjon til pelsdyrbøndene gjennom ein ny runde på Stortinget. Innstillinga frå næringskomiteen skal etter planen vere klar torsdag 27. mai.

Det er nesten tre og eit halvt år sidan Venstre fekk gjennomslag for å forby pelsdyr då dei gjekk inn i regjering med Høgre og Frp. I juni 2019 vedtok Stortinget at forbodet skal gjelde frå 2025.

Kravde forbetringar

Framstegspartiet mislikte Venstre-sigeren, og då partiet gjekk ut av regjering i fjor var spørsmålet om kompensasjon til pelsdyroppdrettarane noko av det første dei gauv laus på. Det enda med eit oppmodingsvedtak, ei bestilling frå Stortinget til regjeringa om ei betre løysing for oppdrettarane.

Striden har mellom anna stått om korleis erstatninga skal reknast ut og kven som skal omfattast av ordninga. Næringskomiteen på Stortinget har frist til torsdag med å leggje fram innstillinga si i saka.

Leiaren av næringskomiteen Geir Pollestad (Sp) deler Frps ønske om å få avgjort saka ein gong for alle.

– Pelsdyrbøndene har venta lenge nok. Eg håpar alle parti ser at dette har vore uverdig, og at no må vi få til ei semje som gir pelsdyrbøndene full erstatning og som gjer at denne saka kan avsluttast, seier han.

Han meiner forslaget regjeringa la fram i mars, ikkje var godt nok og håpar at stortingspartia skal bli samde om forbetringar.

Han ønskjer at det skal vere minst mogleg skjønn i korleis erstatningane skal bereknast og er òg opptekne av å inkludere fleire oppdrettarar i ordninga.

Ønskjer fleire alternativ

Arbeidarpartiet har til forskjell frå Senterpartiet og Frp vore for pelsdyrforbodet.

– Vi er veldig opptekne av at vi skal kunne gi pelsbøndene full erstatning og ei ordning opplevast som rettferdig oppi det heile, seier næringspolitisk talsperson Terje Aasland (Ap).

Han òg ønskjer ei løysing med brei politisk oppslutning.

– Det vil vere ein fordel for pelsdyrbøndene, seier han.

Arbeidarpartiet ønskjer å gi bøndene nokre alternativ i korleis kompensasjonen blir berekna, sidan nokre kriterium kan slå feil ut, ifølgje Aasland.

Kristeleg Folkepartis næringspolitiske talsperson Steinar Reiten vil ikkje kommentere arbeidet til komiteen med forslaget frå partifellen og landbruksministeren hans Olaug Bollestad.

Som oreigning

Regjeringas opphavlege erstatningsordning baserte seg på eit beløp per avlstispe og bokført verdi på anlegget. I forslaget regjeringa la fram i mars, heiter det at erstatninga til oppdrettarane skal reknast ut på same måte som ved oreigning, slik Stortinget vedtok.

Men Norsk pelsdyralslag var framleis ikkje fornøgd.

– Dette er eit forslag som er sminka for å sjå betre ut, men som framleis vil ruinere bønder og øydeleggje liv, sa styreleiar Bertran Trane Skadsem.

Nokre fleire bønder blir dekt av erstatningsordninga med det nye forslaget frå regjeringa, men ingen av dei andre heilt avgjerande problema er tekne tak i, hevda interesseorganisasjonen.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken