Torsdag kveld melder Askvoll kommune at det er påvist bakterie i drikkevatnet ved vassverket i Askvoll og Holmedal.
Hushaldningar som får vatnet sitt derifrå, får derfor pålegg om å koke det.
Kommunen skriv på heimesidene sine at registrerte brukarar vil få meir informasjon neste veke. Fram til ny informasjon er gitt, gjeld kokevarselet.
Slik gjer du:
Fosskok vatnet i minst eitt minutt i kjele. Brukar du vasskokarar, vil vatnet normalt fosskoke før kokaren slår seg av. Ifølge Folkehelseinstituttet vil dette vere tilstrekkeleg.
Du kan også koke vatnet i mikrobølgeomn, då gjeld det same prinsippet: Vatnet må fosskoke.
I tillegg til drikkevatn bør du bruke kokt vatn til:
- All mat og drikke som normalt ikkje skal kokast og varmebehandlast til over 100 grader
- Kaffitraktarar. Desse kokar ikkje vatnet, men varmar det berre opp. Vatnet må difor fosskokast på same måte som drikkevatnet før det vert brukt i kaffitraktaren.
Skyljing av frukt, salat og grønsaker som ikkje skal kokast
Isbitar
Tannpuss
Manuell oppvask. Oppvaskmiddel med desinfeksjonseffekt er ikkje tilstrekkeleg. Oppvask- og vaskemaskin kan nyttast som normal på program over ein time og over 65 grader.

Feira nyheita i bunad: – No blir kommunen knytt til resten av verda!
