No er påska 2017 over, men kva tid kjem ho neste år?

PÅSKEEGG: No blir desse lagt på hylla fram til ein dato mellom 22.mars og 25.april neste år.

PÅSKEEGG: No blir desse lagt på hylla fram til ein dato mellom 22.mars og 25.april neste år. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Det er inga enkel sak å rekne seg fram til kva tid påska kjem.

DEL

Påska kjem på ulikt tidspunkt kvart år. For å rekne seg fram til kva tid ho kjem må ein ha kjennskap til både månefasar og plassering av søndagar ut over året.

Hugseregel

For å vite kva tid påska kjem finst det ein forholdsvis enkel hugseregel. 1. påskedag blir lagt til første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøgn.

Vårjamdøgn er då dag og natt er like lange. Dette døgnet finn ein alltid mellom 19. og 21. mars. Påska kan difor berre finne stad mellom 22. mars og 25. april.

Ikkje før i år 2285 vil 1. påskedag vere på første moglege dato, 22. mars. I 2038 vil 1. påskedag komme på siste moglege dato 25. april.

Gamal formel

Vi skal tilbake til år 325 for å finne opphavet til påske-formelen vi brukar for å rekne ut kva tid påska kjem. Det var Konsilet i Nikea (ei samling av biskopar frå heile den kristne kyrkja journ.anm) som først definerte kva tid påska kjem: «Påska er den søndagen som følger den fjortande dagen til den månen som oppnår denne alderen på den 21. mars eller like deretter.» Påska blir ikkje fastsett etter astronomisk vårjamdøgn i denne formelen.

Rekneskjemaet vi nyttar i dag bær namnet: Gregoriansk påskeformel. Dette rekneskjemaet blei innført i 1583.

Om du ikkje orkar å rekne deg fram til kva tid det er påske neste år kan Firda avsløre at 1. påskedag finn stad 1. april.

Artikkeltags