Bygde kjempehøne på hytta

HØNA: Dei som feirer påska i Dvergsdalsdalen fekk ein ekstra fin påskepynt i år.

HØNA: Dei som feirer påska i Dvergsdalsdalen fekk ein ekstra fin påskepynt i år. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

JØLSTER: Då snøen vart kram i Dvergsdalsdalen fekk Rønnaug Dvergsdal og familien ein idé. Resultatet vart ein over middels spektakulær påskekylling.

DEL

Lei av å spele kort og gå på ski i påska? Då kan du gjere som Rønnaug Dvergsdal og familien: byggje ei enorm høne i snøen.

Det var Firda Tidend som først omtalte høna.

Idéen kom frå då Rønnaug Dvergsdal og søstrene var små. Nokon bygde ei stor, gul snøhøne på Dvergsdalstøylen. Mange år seinare fekk dei laga sin eigen versjon av påskeskulpturen utanfor hytta i Dvergsdalsdalen.

– Det var så fantastisk då vi kom opp på støylen den gongen, og det stod ein svær gul påskekylling der, seier Dvergsdal.

Ho fortel at dei aldri gløymde snøskulpturen, og i åra etter alltid har spøkt med at dei skal lage sin eigen. Denne påska gjorde familien alvor av det.

– Vi var ein heil skokk som var med å byggje den, så det tok berre nokre timar.

BYGGMEISTRANE: Deler av gjengen som bygde snøhøna poserer stolt framfor verket. Frå venstre: Henrik Dvergsdal Aven, Synne Dvergsdal Aven, Lovisa Masdal Fosse, Anne Dvergsdal-Volle, Noah Dvergsdal Brattreit og Johannes Dvergsdal-Volle.

BYGGMEISTRANE: Deler av gjengen som bygde snøhøna poserer stolt framfor verket. Frå venstre: Henrik Dvergsdal Aven, Synne Dvergsdal Aven, Lovisa Masdal Fosse, Anne Dvergsdal-Volle, Noah Dvergsdal Brattreit og Johannes Dvergsdal-Volle. Foto:

Dagen etter drog dei på Byggmix på Skei, på jakt etter måling til snøhøna. Dei hadde noko måling som hadde gått ut på dato, så familien fekk måla meisterverket sitt gult.

– Så fekk vi endeleg laga vår heilt eigen 80-talskylling, seier Dvergsdal og ler.

Artikkeltags