Gå til sidens hovedinnhold

Pasient ved sjukehuset testa positivt for korona

Ni tilsette ved Førde sentralsjukehus er no i karantene.

Ein pasient som var innom Førde sentralsjukehus søndag har testa positivt for koronaviruset.

Dette melder Helse Førde i ein pressemelding måndag kveld.

Ifølgje helseføretaket er smittesporinga no i gang. Ni tilsette i Helse Førde er no sette i karantene.

Pasienten var på gjennomreise i Sogn og Fjordane og vart akutt dårleg. Vedkommande vart då frakta i ambulanse til Førde sentralsjukehus, men det vart vidare avgjort å sende pasienten vidare til Haukeland.

Ein koronatest teken måndag synte at pasienten hadde covid-19.

– Vedkommande blei kartlagt for covid-19 på sjukehuset i Førde, men sidan det ikkje var symptom eller mistanke om smitte blei det ikkje teke test, seier fagdirektør i Helse Førde, Evy-Helen Helleseth.

Dei ni tilsette som no er sette i karantene er ambulansepersonellet som køyrde personen til og frå sjukehuset, samt helsepersonellet som vi i kontakt med pasienten i mottaket.

Pasientens heimkommune skal vere varsla, men det er ikkje opplyst kva kommune dette er.

– Vi samarbeider med Helse Bergen i det vidare smittesporingsarbeidet, seier Helleseth.