Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Pårørendealliansen kjempar for betre vilkår for alle som er pårørande, uansett kven du er pårørande til. Dei fleste av oss vil i løpet av livet oppleve å vere pårørande for foreldre, partnar, søsken og i verste fall barn. Det kan skje med venner, kolleger eller naboar som treng vår hjelp.
Når vi blir ein aktiv pårørande kan vi trenge støtte, rettleiing og fleksibilitet i både kvardag og arbeidsliv. Dessverre møter mange av oss gammaldagse velferdssystem som ikkje tek omsyn til pårørande sin livssituasjon. Difor oppmodar Pårørandealliansen oss å arrangere markeringar i lokalsamfunnet, på arbeidsplassar, i skuleverket, i kommunehelsetenesta og helsevesenet.
10. september, vert verdsdagen for sjølvmordsførebygging med tema “Skape håp gjennom handling” arrangert med ml.a. lystenning for dei 610 vi mista i sjølvmord i 2022, eit fellesarrangement mellom LEVE og Bipolarforeningen. Markeringa har og som mål å bidra til å bryte ned stigma, tabu og myter omkring sjølvmord og einsemda som følger med slike opplevingar. I Firda, “Landet rundt” kan vi i dag lese om Mariann Lizette Radich som vart enkje etter 12 år med han som var kjærleiken i hennar liv.
Mariann innrømmer at openheit og ærlegdom er ukomfortabelt. Ein blir tvungen til å svelge stolthet og frykt, men ho vil vere open om ho berre kan hjelpe ein annan. Mariann vel å tenkje at mannen hennar vart veldig sjuk og at han døydde av det. Ho er ei modig kvinne.
Det er ulike opplevingar med å finne fram til informasjon og riktig hjelp i ulike kriser i livet og i det psykiske helsevernet. Mange møter offentlege løysingar som ikkje er logiske eller ko-ordinerte og må leve med å møte lite forståing og leite etter hjelpa dei så sårt treng. I fleire av Pårørendealliansen sine undersøkingar kjem det fram at mange pårørande ikkje blir lytta til i kommunen, av helsearbeidarar og at dei sjølv blir utslitne og sjuke av jobben dei gjer i ei tid der helsevesenet trappar ned tilboda og overlet meir og meir til dei pårørande.
Laurdag var det stor oppslutning i Førde med “Stafett for livet” arrangert av Kreftforeningen. Det å stå saman om å minnast dei vi har mista i kreft, støtte pasientar og pårørande til dei som er i kreftbehandling og vere der for kvarandre i eit fellesskap, var ei sterk og styrkjande oppleving. Kreftforeininga vil og arrangere eit eige pårørandetreff i samband med pårørandedagen.
Vi som har fokus på pårørande innan rus og psykisk helse vil arrangere eit pårørandetreff i Førde som er ope for alle i heile regionen. Tema som er valt er “Kommunikasjon med pårørande innan psykisk helse”. Det vert innlegg om tema og samtale med deltakarar som ønskjer å fremje openheit gjennom handling og kommunikasjon med pårørande. La oss saman bidra i arbeidet for å gjere kvardagen for pårørande lettare gjennom openheit og mot til å samtale om dei vanskelege livssituasjonane vil alle på ulike måtar står i.
Pårørendealliansen var aktiv under Arendalsveka, og i fleire organisasjonar vert arbeidet for pårørande styrka og har fått større fokus. Pårørendealliansen arbeider aktivt for å fremje rettane og hjelpa til pårørande, som no tek ein stor del av arbeidet, påkjenningene og utgiftene som i vårt samfunn er meint å vere eit offentleg ansvar. Innsparingene går til fellesskapet og lite blir brukt til å heve pårørande sin livssituasjon og livskvalitet.
Du er velkommen til å vere med på temakvelden innan psykisk helse og rus, slik at openheit, rettleiing og tilbod om støtte kan aukast. Vi håpar at også helsepersonell og kommunepolitikarar blir med i dette viktige satsingsområdet. Psykisk helse må styrkast og vi må gjere det saman!
KrF-Trude har planen klar etter valet: – Det er naturleg at vi først snakkar med dei vi er i eit samarbeid med

– Han var mitt livs store kjærleik, seier Mariann (33). Ein vanleg søndag gjekk han ut, for aldri å vende tilbake
