– Henriette og Allmuen har hatt veldig mykje å seie for oss. Fordelen med å vere pensjonist er jo å kunne legge deg og stå opp når du vil, det har du ikkje kunne gjort tidlegare. Men ein treng å komme seg ut av huset og møte andre folk.
Det seier Roald Hovland. Saman med fleire andre pensjonistar har dei møttest på Allmuen fire dagar i veka over dei siste tolv åra. Dei har gitt seg sjølve kallenamnet «Parlamentet», og har hatt ein fast plass i kafeen til Henriette Sætenes.
– Vi er ein gjeng pensjonistar som møtast for å ta ein kaffi og løyse verdsproblem, seier Hovland.
I midten av november kom nyhenda om at Fabel kafé og motell tar over Allmuen, og at Henriette Sætenes gir seg:

Fabel kafé tar over drifta av Allmuen: – Håper bygda synest det er positivt
– Flink
Det er som oftast politikk, og spesielt kommunepolitikk, det går i når «Parlamentet» samlar seg. Kor mange som møter opp varierer.
– Det er ikkje møteplikt, men som regel stiller folk opp. På ein god dag kan vi vere opptil ti stykk for ein kopp kaffi og gode samtalar. Det er ikkje den største omsetninga på oss, men vi er ein del av den, seier Hovland.
– Kva synest de om jobben Henriette har gjort med Allmuen?
– Vi synest ho har vore flink med å klare å halde kafeen open. Det har vore utfordringar, og ho har streva i periodar med pandemi og alt.
Eg hugsar godt at det var ein gong eg måtte be dei roe seg. Då krangla dei så mykje at eg måtte fram med peikefingeren.
Henriette Sætenes
Ein gong bad ho dei roe seg
Henriette Sætenes snakkar varmt om «Parlamentet».
– Det har vore superkjekt. Dei har kome kvar dag i alle år. Nokre gonger er dei 3 stykk, og andre gonger 15.
Det har ikkje alltid gått stille for seg rundt det faste bordet.
– Eg hugsar godt at det var ein gong eg måtte be dei roe seg. Då krangla dei så mykje at eg måtte fram med peikefingeren. Eg trur det var i samband med kommunevalet, men eg hugsar ikkje kva år det var. Då gjekk det heitt for seg, seier ho og ler.
– Dei seier dei har løyser verdsproblem, har du tatt noko del i dette?
– Eg har fått med meg litt, men let dei få lov til å diskutere sjølv. Dei har diskutert så mykje at Fjalersoga ligg i kafeen, slik at dei kjapt kan finne svar på diskusjonane sine, flirer ho.
Ny rekord i klemming
Sætenes hadde siste dag i kafeen vesle julaftan. No skal ho bruke tida på å kjenne etter kva ho har lyst til.
– 23. desember var eit følelsesmessig kaos. Folk stod i kø for å gi meg blomar, vin og eg trur det var ny rekord i klemming. Eg visste at det ville bli ein vanskeleg siste dag, men at den skulle bli så vanskeleg var eg ikkje budd på.
Trass i at Sætenes har kasta inn handkleet, er Hovland tydeleg på at så lenge dei nye eigarane tillèt det, vil dei halde fram med å kome til sitt faste bord.
– I og med at eg også blir pensjonist, har eg fått ein invitasjon til å bli med. Kanskje eg blir den første og einaste dama, seier Sætenes og ler.

Jølster skisenter har fått snø i julegåve: – Kom som bestilt

1200 skal på Larris i kveld. Utselt i rekordfart
