«Parkeringsavgift er positivt for utviklinga av Førde»

DEL

Leiar 

Verda kjem til Førde, og det er Firda Billag og Ida Berqvam (deleigar av Handelshuset) som tek den hit. For første gong nokosinne skal folk som parkerer i sentrum betale for dette. Først ute er Firda Billag, men etter kvart skal også kjøpesenteret Alti (Handelshuset) innføre ei ordning der det kostar å setje frå seg bilen over lenger tid. Teknologien som blir brukt er den same som på norske flyplassar der kamera les av registreringsnummer på bilen, og avgifta kan betalast automatisk via ein app på mobiltelefonen, på automat eller ved at det kjem faktura i posten.

Denne måten å krevje parkeringsavgift på er effektiv. Ein slepp å bygge opp kontrollregime med parkeringsvakter som skriv ut bøter sidan det er umogleg å snike seg unna avgifta. Etter kvart vil dette truleg også generere inntekter som kan brukast til å gjere sentrum penare, slik Sogndal har gjort sidan 80-talet.

Diskusjonen om parkeringsavgift i Førde har vore ei betent sak – for næringslivet. Gratis parkering har vore eit konkurransefortrinn som har gjort byen til det den er i dag. Å drive butikk har aldri vore noko leikestove, det er knallhard konkurranse – ikkje minst frå netthandelen. Difor er det positivt at det ikkje er dei folkevalde i kommunestyret som trumfar gjennom ei slik ordning, men at det er dei næringsdrivande som no innfører avgiftsparkering på eige initiativ. Etter kvart som det blir hausta erfaringar kan dette innførast i andre deler av byen. Målet må vere færre bilar i sentrum, at pendlarar køyrer i lag på jobb, og at det etter kvart blir meir attraktivt for mjuke trafikantar å ferdast i bykjernen.

Det er også positivt at bileigarane i denne runden berre må betale moderate avgifter for å parkere. På handelshuset vil det vere gratis i to timar, mens det på Firda Billag vil vere gratis i 15 minutt. Ingen vil difor kunne påstå at det er dyrt for handlande å setje frå seg bilen i sentrum, avgifta som er innført er rett og slett ein måte å regulere langtidsparkeringa på. Det er få stader i landet det er mogleg å ha ein bil ståande på ein parkeringsplass i vekevis utan å betale fem øre.

Firda har i sommar sett fokus på den tettstadutviklinga Førde har vore igjennom dei siste 15 åra. Det har vore tatt ei rekkje grep som gjer at byen har vorte vesentleg penare. Parkeringsavgift i sentrum vil vere endå eit slikt grep. Sakte men sikkert kan bilbyen Førde ta steg i retning mot å bli ei drivkraft med menneske i sentrum – som det i si tid heitte i kommuneplanen til Førde.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken