Klokka 17.31 vart det sett i gang ein redningsaksjon i Aurlandsfjorden. Aksjonen starta etter melding om ein paraglider som hadde landa i fjorden.
Vedkommande er meldt å ha blitt teken ombord i ein båt.
HRS leiar no aksjonen, og det vert meldt at redningshelikopter frå Florø er på veg, samt frivillege og andre naudetatar.
– Det vart raskt avklart at ein sivil båt kom ut, plukka han opp og at han var bevisst. Han vart teken ombord, og helsevesenet tok over, seier redningsleiar Erik Villasen i HRS Sør-Norge, til Sogn Avis.
Paraglideren skal ha falle i sjøen om lag 500 meter frå land.
Båten som tok han ombord skal ha teke han i land i området neset Neset. Der kom helsepersonell til og gav tilsyn.