Redaktør i Aftenposten Trine Eilertsen sa i radioprogrammet Holm 23. januar at ho startar dagen med å lese papirutgåvene av Aftenposten og Klassekampen. Andre aviser les ho digitalt, men legg til at det er vanskelegare å få oversikt over nyheitsbildet digitalt enn med papiravisa. Ho vona inderleg at ho kunne få lese papiraviser i helgane så lenge ho levde.

Eg gjorde meg nokre tankar då eg tilfeldigvis høyrde på denne samtalen: Ho er modig som seier det så likefram. Mange ønskjer som ho å ha tilgang til papiraviser, men som ikkje lenger orkar å ytre seg. Vi må då følge med i tida! Ja, nettopp!

Trine Eilertsen er heldig. Der valet er sjølvsagt og reelt, er det enkelt for eit elitemenneske å skamlaust hevde noko så tilbakeståande at ho har lidenskap for papiraviser. Der ho bur vil det alltid bli sytt for fridom til å velje, så ho vil garantert ha tilgang til papiraviser i si tid. Heromkring er det derimot ikkje lenger eit reelt val. Vi blir langsamt og metodisk, på godt og vondt, losa over på digitale alternativ.

På vegen misser vi litt oversikt, lidenskapen blir gradvis borte, vi kjenner litt på ei skam, og kanskje litt misunning på hovudstadsmennesket som kan velje. Ei trøyst likevel å høye profilerte folk snakke slik – om byens luksus og lidenskap.

Den einaste papiravisa vi no har att, kjem i periodar ein dag for seint. Fredagsavisa kjem då på måndag og laurdagsavisa har det med å forsvinne i periodar. Lengste forsvinninga i vinter varde i ein månad. Siste tida har det rett nok vore ei betring – truleg pga. betre køyretilhøve, som gjer det mogeleg for transportørar å halde tida.

Posten skuldar på avishusa som ikkje får avisene tidsnok fram til distribusjonspunkta. Posten sjølv rasjonaliserer, så avstanden mellom distribusjonspunkta til den ytste abonnent blir for lang. Utan å ta tak i distribusjonsproblema, oppmodar avishusa om å velje digital avis, og ikkje svarer dei lenger.

Samferdsledepartementet, som er øvste ansvarleg, finn det heller ikkje turvande å svare ein surmaga abonnent i distriktet. «Laurdagsfantomet» Amedia Sogn og Fjordane, som har distribusjonen av laurdagsaviser, har ikkje eingong eit offentleg telefonnummer eller kundekontakt. Der i garden er ein ikkje interessert i korrektiv.

Vi har sagt opp to papiraviser. Det slår meg at avislesinga går raskare digitalt. Lokalstoffet, som dessverre er blitt for mykje infisert av uinteressant og personfokusert fjas, er kjapt å skrolle forbi. Det blir mykje overskrifter, og mangt går hus forbi. Trine Eilertsen har rett:

Nyheitsoversikta forsvinn. Eg har innfunne meg med den digitale løysinga, men held framleis Klassekampen på papir. Litt lidenskap må det vere rom for også i distriktet, sjølv med gamle aviser.