Fredag braka det laust med Norgescuprenn i langrenn på Langeland skisenter i Førde.

Med startnummer ein stilte det lokale skitalentet Gjøran Holstad Tefre til start i sprint. Han var med i den første av fem kvartfinalar.

I prologen var han aller raskast med tida 02:49, tre sekund før nummer to Amund Hoel.

Holstad Tefre tok tidleg leiarposisjonen i kvartfinalen, som han heldt heilt i mål.

Førdianaren var ute i første semifinaleheat og har tidlegare i rennet markert seg som favoritt. Dette stempelet skulle ikkje Tefre øydelegge i semifinalen og vant også dette rennet.

På heimebane var Tefre favoritt i finalen som starta klokka 11.50. Gjennom store delar av rennet var det førdianaren som drog til, men på oppløpet vart han slått av Kasper Stadås, som kom på første plass. Etter ein sjekk med foto vart det konstatert at Simen Myhre tok andreplassen og Ansgar Evensen tok tredjeplassen. Dermed kom Tefre akkurat utanfor pallen på 4.-plass.

Rennprogram, Norgescup på Langeland

Fredag 12. februarFrå kl. 09.00NC Sprint Friteknikk, prologLangeland Skisenter


Equinor NC nr. 11

Første start kl. 09.00- menn

Første start kl. 09.30- kvinner

Frå kl. 11.00Start finalar (utan tidtaking)

Kl. 15.00-21.00Allmenn trening i løypene*
Laurdag 13. februarFrå kl. 09.00NC Friteknikk, individuell startLangeland Skisenter


Equinor NC nr. 12

Første start kl. 09.00- 15 km menn (3 x 5 km)

Første start kl. 11.00- 10 km kvinner (2 x 5 km)

Kl. 15.00-21.00Allmenn trening i løypene*
Søndag 14. februarFrå kl. 09.00NC Klassisk, individuell startLangeland Skisenter


Equinor NC nr. 13

Første start kl. 09.00- 15 km menn (3 x 5 km)

Første start kl. 11.00- 10 km kvinner (2 x 5 km)

*Kvar kveld frå kl. 15.00-21.00 er det fri, allmenn ferdsel i skiløypene på eige ansvar. I dette tidsrommet er ikkje skiløypene ein del av arrangementet og arrangør har ikkje ansvar for smittevern. Ein har sjølv ansvar for at føringar for smittevern vert følgt om ein går i skiløypene i denne perioden. MEN det kan vere arbeid i løypene med løypemaskin og skuter, så ver varsom!


Kjelde: Arrangøren sitt rennprogram

Gjøran (26) nølte ikkje då klarsignalet kom: – Eg går alt!