To bilar har kollidert i Sogndal torsdag. Ulykka skal ha skjedd i krysset mellom rv. 5 og Fimreitevegen, og det skal vere ei påkøyrsle bakfrå. AMK melde om ulykka klokka 12.10.

Det er 70-sone på ulykkesstaden, og det vert meldt at ein av dei involverte har nakkesmerter. Totalt var tre personar involvert, og alle skal no vere tekne med til legevakt, melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Det skal vere passasje på staden, men det går føre seg manuell dirigering. Bilbergar er bestilt og begge dei involverte bilane må fjernast. Medan dette går føre seg vil vegen bli mellombels stengt.

Politiet opplyser at begge dei to bilane kom køyrande frå Sogndal, og at ulykka skjedde då den fremste bilen stoppa opp for å svinge av vegen.

Dei involverte i ulykka er ei kvinne i 50-åra i fremste bil, og ein mann og ei kvinne i 60-åra i bilen bak. Det skal ikkje vere mistanke frå politiets side om ruspåverka køyring. Det vil verte oppretta sak på forholdet, melder politiet.