– Eg er heilt mållaus, seier Ronny Brede Aase under dagens P3morgen-sending.

Der vart han overraska av Kathrine Nygård og Kjartan Helleve frå Kringkastingsringen. Dei var der for å overrekke ein pris til programleiaren.

– Du har hatt mykje å seie for nynorsken og bidrar med at andre også blir glad i og stolt over språket og dialekta si. Det er derfor vi vil gi deg, stemma av Noreg, Kringkastingsprisen 2019, seier Nygård i ein tale.

– Tusen, tusen takk, seier ein veldig mållaus programleiar.