[SOGN AVIS]: Sogndalsspelar Emil Pálsson vart i dag skriven ut frå Haukeland universitetssjukehus, opplyser pressekontakt Geir Inge Heggestad til NRK.

Pálsson fekk hjartestans i kampen mellom Sogndal – Stjørdals-Blink førre måndag, og har sidan då vore på Haukeland.

Heggestad fortel til NRK at klubben vil kalla inn til pressebrifing onsdag ettermiddag.