Øystein oppmodar til lystbetont dugnad for lokale bryggeriarbeidsplassar

– Det er bom stopp, seier Øystein Adler Øvrebø ved Kvernafossen bryggeri.

– Det er bom stopp, seier Øystein Adler Øvrebø ved Kvernafossen bryggeri. Foto:

– For vår del har det vore bom stopp i bestillingane, seier Øystein Adler Øvrebø ved Kvernafossen bryggeri på Sande.

DEL

– Sosiale medium blir no fylte av vitsar om corona-øl og koronavirus. Galgenhumor er bra, men for norske bryggeri er situasjonen slett ingen spøk. For oss er det derimot djupt alvor alt no, seier Øvrebø, som saman med Espen Vallestad eig og driv Kvernafossen Bryggeri.

Dei siste åra har utviklinga i norsk bryggeribransje vore som eit eventyr. Mangfaldet har nærast eksplodert. I dag blir det brygga meir enn 2500 unike norske øl og eit veksande tal cidervariantar, på 140-150 anlegg over heile landet. I vår region har vi mange bryggeri som er sprunge ut av den nye bølgja med handverksøl; Ægir, Balder, Turken, Tya og Skifjorden i Sogn, og Kinn, Kvernafossen og Olden i Fjordane. I tillegg har vi siderprodusenten Balholm som i desse dagar dreg i gang eit større sidermiljø i Sogn. No er det stor sjanse for at heile dette mangfaldet er sterkt truga.

Støttar tiltaka - men det svir

– Vi støttar styresmaktene sine tiltak for å avgrense koronautbrotet, og tek vår del av dugnaden. Samtidig blir bransjen no ramma svært hardt økonomisk. Stenging av utelivet, avlysing av konsertar og festivalar og full stopp i reiselivet har gjort at norske bryggeri over natta mista ein stor del av omsetninga. For mange av oss er dette kritisk for verksemda. No er det avgjerande at politikarane held det dei lovar og kjem med raske tiltak, skriv bryggeria i Sogn og Fjordane i ei felles pressemelding.

Øystein Adler Øvrebø seier Kvernafossen Bryggeri har opplved full stopp i bestillingane no:

Lystbetont dugnad

– Vi leverer til grossistar. Dei er nok nervøse, og tør ikkje bestille inn no. Så om forbrukarane kjøper lokale varer, så vil det kanskje hjelpe på, slik at grossistane kjem på bana igjen, sier Øvrebø, som oppmodar forbrukarar i Sunnfjord til å tenke på at bryggeri-arbeidsplassar også er lokale arbeidsplassar:

– Kjøper du øl og cider frå ditt lokale bryggeri heller enn importert vare, så støttar du arbeidsplasser og verdiskaping i ditt eige nabolag - samtidig som du nyt smaken av eit fantastisk mangfald. Finst det nokon meir lystbetont måte å bidra på? smiler Øvrebø.

Artikkeltags