Mannen i 50-åra som er dømt for overgrep og valdtekter mot fem jenter, har trekt anken.

Det melder NRK.

– Dette er ein stor dag for meg og dei andre offera i saka. No er det ikkje lenger nokon tvil om at vi har blitt trudd, seier eit av offera til NRK.

I september var det sett av to veker i Sogn og Fjordane tingrett for handsaming av saka. Fem jenter var fornærma i saka, og hovudfornærma er heimehøyrande i Sunnfjord.

I retten gav fire fornærma, 23 vitne og to sakkunnige si forklaring. I tillegg blei det spelt av eit avhøyr.

Mannen blei i tingretten dømt på alle tiltalepunkta, men nekta straffskuld og anka heile dommen til Gulating lagmannsrett. No er denne trekt.

– Det er korrekt at han etter ein gjennomgang av dommen har kome til at han no trekker anken, seier mannen sin forsvarar, Ivar Hauge til NRK.