Gå til sidens hovedinnhold

Over 900 påviste mutanttilfelle i Noreg

Totalt 905 personar er koronasmitta med den britiske og den sørafrikanske virusmutasjonen, viser tal frå FHI. Det er ein auke på 84 tilfelle frå måndag.

Det er påvist 87 tilfelle av den sørafrikanske virusvarianten, og 818 av den britiske varianten i Noreg så langt, ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet.

Variantane ser ut til å vere meir smittsame enn det vanlege koronaviruset, men gir ingen auka risiko for alvorleg sjukdom, ut frå det er som er kjent så langt.

Ifølgje oversikta til FHI har den britiske virusvarianten størst utbreiing i Oslo og Viken med høvesvis 234 og 326 påviste tilfelle. Den sørafrikanske varianten har størst utbreiing i Vestland og Nordland med høvesvis 45 og 26 tilfelle.

Så langt for desember, januar og februar er det analysert 3.969 virusprøver ved FHI. Det blir òg analysert prøver andre stadar i landet.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken