3.849.843 har fått første dose, viser tala. Til saman er det no sett 6.854.912 vaksinedosar.

Det er flest fullvaksinerte kvinner – 1.570.716, medan 1.434.353 menn er fullvaksinerte.

Aller flest med to vaksinedosar finn vi i aldersgruppa 45–54 år, der 576.501 personar er fullvaksinerte. Så langt er 807 personar under 15 år fullvaksinert, og det same gjeld 10.619 i alderen 16–17 år. Blant dei mellom 18 og 24 år er 238.816 fullvaksinerte.

25–39 år

I aldersgruppa 25–39 år har 472.814 fått to vaksinedosar, medan 891.652 har fått første dose.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) trekte før helga fram at oppslutninga om første dose er låg i denne gruppa samanlikna med andre grupper. Han trur noko av forklaringa kan vere at ein del av desse fekk tilbod om vaksine i sommarferien og dermed kan ha takka nei.

– Det forstår eg, men no er det på tide å gjere det. Det kan vere ganske avgjerande for når vi får den normale kvardagen tilbake, sa Høie til NTB.

Flest i Viken

Av fylka har Viken flest fullvaksinerte, med 714.688 personar, medan Oslo har 380.890.

88,8 prosent av befolkninga over 18 år har fått første vaksinedose, medan 67,9 prosent av dei over 18 år har fått to dosar, ifølgje tala som FHI oppdaterte fredag.

Pfizer og Biontech produserte den første koronavaksinen brukt i Noreg, og første dose vart sett 27. desember 2020. 15. januar vart første dose av Moderna-vaksinen sett, og 7. februar vart AstraZeneca-vaksinen teken i bruk.

To av fire tekne ut

11. mars vart AstraZeneca sett på pause, før regjeringa 12. mai kunngjorde at ho blir teken ut av vaksinasjonsprogrammet på grunn av alvorlege blodpropptilfelle. Janssen-vaksinen frå produsenten Johnson & Johnson er også teken ut av det norske vaksineprogrammet etter meldingar om alvorlege biverknader. Det er opna for at han kan givast til frivillige når strenge helsemessige kriterium er oppfylte.

Det kan vere forseinkingar i registrering av vaksinasjon som fører til at tala endrar seg over tid.

(©NPK)