Gå til sidens hovedinnhold

Over 220.000 pasientavtalar utsette ved norske sjukehus

Mange pasientar har fått utsett timar ved sjukehus og behandlingsstader etter at koronapandemien ramma Noreg.

Til saman er over 220.000 avtalar om konsultasjonar, behandlingar og operasjonar i helseføretaka vorte utsette, viser tal frå Norsk pasientregister og Helsedirektoratet, ifølgje NRK. Same pasient kan vere rekna med fleire gonger, dersom dei har hatt fleire avtalar.

– Talet kan verke veldig stort, men det blir gjennomført ekstremt mange konsultasjonar i helsetenesta gjennom eitt år, så prosentvis er det ikkje den store endringa, seier helseminister Bent Høie (H).

Han meiner sjukehusa er godt i gang med å ta igjen etterslepet.

Pasient- og brukarombod Mette Elisabeth Eriksen i Finnmark oppmodar pasientar om å ta kontakt med fastlegen eller sjukehuset og purre dersom plaga dei har fått time for, blir verre.

Trass i dei mange utsetjingane, har pasientomboda knapt motteke klager.

– Folk har vist enorm forståing for situasjonen, seier Eriksen til NRK.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken