350 personar vart stoppa ved ulike grenseovergangar i Innlandet politidistrikt i påskeveka. 1.700 vart stansa på Svinesund og 300 i Ørje, melder NRK.

Øyvind Nilsen, avsnittsleiar for innsatsleiing i Aust politidistrikt, seier at mange forklarer at dei valde å dra over grensa fordi dei trong å handle snus, røyk eller matvarer.

Det er ikkje forbode å reise til Sverige, men du må i karantene i fjorten dagar når du kjem tilbake til Noreg.