Tjuvane tok ein viktig pakke frå postkassa til Sturla - no håpar han du kan hjelpe

Sturla Ellingvåg håpar nokon har funne innhaldet i pakken han venta på. Arkivfoto.

Sturla Ellingvåg håpar nokon har funne innhaldet i pakken han venta på. Arkivfoto. Foto:

Akkurat den dagen den viktige pakken til Sturla Ellingvåg låg i postkassen, kom tjuvane.

DEL

Og medan innhaldet er svært verdifullt og viktig for Ellingvåg, må det seiast å vere nokså verdilaust for dei fleste andre:

I pakken frå Anatomisk Institutt i Oslo låg dei siste restane frå eit 1000 år gammalt skjelett som Ellingvåg skal analysere ved DNA-laben i København, der han jobbar, skriv Firdaposten.

Skjelettet kjem frå ein sarkofag i Normandie.

– Det dreiar seg om Rollo, eller Gange-Rolv, vikinghøvdingen som slo seg ned i  Normandie. Dette er dei siste skjelettrestane frå hans næraste etterkommar, og dermed siste forsøk på å prøve å løyse den gåta.

Firdaposten har tidlegare skrive om korleis Elingvåg deltek i eit prosjekt som har som mål å finne ut om Gange-Rolv verkeleg var dansk, eller om han var nordmann.

Var Gange-Rolv sunnmøring eller ikkje? 

Innhaldet var pakka i to plastrør på omtrent 15 cm med oransje plastkork.

Ellingvåg vart oppringd frå posten i Florø, og dei kunne fortelje at det har vore innbrot i fleire postkassar.

Skjermdump frå Ellingvåg

Skjermdump frå Ellingvåg

– Skjermdumpen viser kvar tjuvane har gått, for dei fann mi eske og ei til frå vårt postkassestativ ved eit anna stativ. Begge var opna og tømde.

No håpar Ellingvåg at nokon kan ha funne desse to røra.

– Kanskje dei ligg langs vegen i området Nordalsmarka/Vågavegen, eller dei kan vere kasta i eit bosspann i nærleiken. Eg veit det ikkje er stort håp, men eg må prøve, seier han.

Ellingvåg erkjenner at den svært spesielle forsendinga sjølvsagt burde ha gått rekommandert.

– Men vedkommande som sende det frå Oslo seier at det har vore gjort slik mange gongar, utan problem. Det var veldig leit at dette skulle skje no, seier Ellingvåg, som sjølv er bortreist.

Posten meiner tjuveriet hende natt til tysdag.

Dersom du skulle finne noko, kan Sturla Ellingvåg treffast på telefon 922 50 111.

Artikkeltags