Regiondirektør Helene Frihammer ser dette som eit teikn på at næringslivet er på god veg tilbake til kvardagen etter pandemien.

– Det er framleis utfordringar i transportsektoren, i reiselivet og i bilbransjen. Dette biletet er det same vi har sett dei siste par månadene, og desse bransjane melder også om redusert omsetning, seier ho.

65 prosent av verksemdene i region Vestland opplever høgare eller omsetning på same nivå som i fjor.

– Ser vi på marknadssituasjonen melder til saman 84 prosent av verksemdene i Vestland at dei har tru på ei betring eller uendra omsetningssituasjon det neste halve året. Størst optimisme finn vi innanfor transportbransjen og i reiselivet, seier regiondirektøren.

Ho meiner det viser at aktiviteten for mange er på veg tilbake for fullt, men åtvarar også at om eventuelle konsekvensar og ringverknader av krigen i Ukraina ikkje har vist seg enno.

– Vi har all grunn til å vente at krigshandlingane og sanksjonane vil påverke norsk økonomi og næringsliv. Krigen vil føre til mindre handel mellom krigspartane og resten av verda, redusert tilgjenge og høgare prisar på energi, mat og andre råvarer. Samstundes gir det ein høgare prisvekst generelt og verknader i finansmarknadene, meiner Helene Frihammer.