Opptil fire timar venting om du skal over Hardangervidda

KOLONNE: Ser ein på dette bildet er det ikkje overraskande at det er kolonnekøyring over Hardangervidda søndag.

KOLONNE: Ser ein på dette bildet er det ikkje overraskande at det er kolonnekøyring over Hardangervidda søndag. Foto:

Vegtrafikksentralen melder om høg utfartstrafikk denne søndagen. Skal du på «feil» fjellovergang må du bu deg på venting.

DEL

I tillegg til ordinær søndagsutfart er det også for mange siste vinterferiedag. Det merkast på vegane.

Vegtrefikksentralen Vest melde tidlegare på søndag om høgre trafikk enn vanleg på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Køyreforholda skal derimot vere gode. Det blir likevel oppfordra til å køyre forsiktig.

Like beint fram er det ikkje på dei andre fjellovergangane:

På rv. 7 over Hardangervidda er det søndag i 16-tida minst 60 bilar i kolonnekø på austsida, og Vegtrafikksentralen melder at ein må rekne minst 4 timar ventetid.

På E134 over Haukelifjell var det først kolonnekøyring. Her vart det opna litt over klokka 15.

Fv. 53 Tyin – Årdal var stengt frå laurdag, men vart opna i 12-tida søndag.

Vikafjellet vart fredag bestemt helgestengt, med opning tidlegast måndag.

I morgontimane laurdag vart fv. 50 Hol–Aurland stengt.

– Det gjekk eit større snøras på Hol-Aurland i går. Eg snakka med entreprenøren i dag, dei visste ikkje før seinare i dag når dei kan byrje med opprydding. Det vil nok ta ganske mange timar før den vert opna, sa trafikkoperatør John Andreas Omdal hos vegtrafikksentralen Vest søndag morgon.

Fylkesvegen har tidlegare vore stengt i ein lang periode grunna ras, men opna opp att 26. februar. Men 29. februar gjekk det altså eit nytt snøras på fjellovergangen, og vegen har vore stengd sidan.

Vegtrafikksentralen melde først at Hol – Aurland i beste fall blir opna søndag ettermiddag. Det hadde dei rett i, for Hol – Aurland vart opna klokka 15.05 søndag.

Her kan du sjå oppdaterte trafikkmeldingar for Vestland fylke.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken