Opprydding og snørasfare stenger Gaularfjellet

Blir ikkje opna før tidlegast måndag.

DEL

Vegtrafikksentralen Vest melder torsdag morgon at fv. 13 over Gaularfjellet ikkje blir opna denne dagen grunna eit snøras.

Klokka 13.42 er det framleis stengt på vegen. Oppryddingsarbeid etter raset pågår enno, og det er fare for nye snøras.

Dette gjer at Vegvesenet har stengt vegen, og dette vil vedvare gjennom helga. Fylkesvegen vil tidlegast opne etter den neste synfaringa måndag klokka 12.00.

Artikkeltags