– Dumping av gruveavfall i sjødeponi er ikkje noko vi kan drive med i 2022. Det er ein håplaust gammaldags og lite berekraftig måte å drive mineralnæring på, seier Alfred Bjørlo i Venstre til NRK.
Saman med Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne har dei fremja eit forslag i Stortinget om å forby dumping av gruveavfall i sjøen.
Forslaget inneber å trekkje tilbake eksisterande løyve og dessutan å forby nye løyve. I dag er det fem norske gruver som bruker sjøbotnen som deponi for gruveavfall, og fleire er planlagde.
– Mineralnæringa vil bli svært viktig for Noreg i framtida. Men skal vi unngå at det blir same folkelege motstand mot mineralnæringa som det har vorte mot vindkraft på land, så må vi stille strenge miljøkrav frå dag éin, seier Bjørlo.
(©NPK)