Oppmodar kommunar til å førebu seg på lokale utbrot

MÅ JOBBE FORT: – Dess raskare ein startar arbeidet med å slå ned lokale utbrot, dess mindre er sjansen for at utbrotet blir stort, sa helseministeren under tysdagens pressekonferanse.

MÅ JOBBE FORT: – Dess raskare ein startar arbeidet med å slå ned lokale utbrot, dess mindre er sjansen for at utbrotet blir stort, sa helseministeren under tysdagens pressekonferanse. Foto:

Av

Kommunar med låg smitte bør bruke tida godt og byggje opp beredskapen, oppmodar helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

DEL

På ein pressekonferanse tysdag sa Høie at han hadde hatt møte med kommunalminister Nikolai Astrup (H) og fylkesmennene i landet om saka.

– Dess raskare ein startar arbeidet med å slå ned lokale utbrot, dess mindre er sjansen for at utbrotet blir stort, sa helseministeren.

Han peika på det avgjerande i korte kommandolinjer og rask reaksjon, og at byråkratiske avgjerdsprosessar ikkje eignar seg til å slå ned smitteutbrot. I tillegg oppmoda Høie til godt samarbeid mellom nabokommunar, og at kommunane må øve på samarbeidet i rolege tider.

–Smittesporingsteamet til kommunen må vere godt rusta og førebudd på at jobben kan vare lenge, sa Høie.

No gjer dei alt for å unngå utbrot – vaskar ned huset og gjestar må teste seg

No får du ikkje besøke omsorgsinstitusjonar viss du har vore i smitteområde

Kommunelegen: – Studentane som kjem heim frå Bergen bør halde avstand i ti dagar

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken