Oppklaring frå tillitsvalde ved Førde bibliotek

Det var ikkje vår intensjon å sette dei to biblioteka opp mot kvarandre. Vi ville opplyse om kva som står på spel ved å bruke investeringsmidlar meint til Førde bibliotek på nye bibliotekmodellar i kommunen, skriv Bente Elisabeth Lund Hawkes og  Iren Riksheim Østvik.

Det var ikkje vår intensjon å sette dei to biblioteka opp mot kvarandre. Vi ville opplyse om kva som står på spel ved å bruke investeringsmidlar meint til Førde bibliotek på nye bibliotekmodellar i kommunen, skriv Bente Elisabeth Lund Hawkes og Iren Riksheim Østvik. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Vi ser at innlegget som sto på trykk i Firda 7.desember har skapt reaksjonar i Viksdalen. Kanskje var vi ikkje tydeleg nok, så vi vil gjerne bruke dette innlegget til å presisere innhaldet og kanskje klarne opp i ein del mistydingar.

Vår bønn var at politikarane skulle sjå kor viktig det er å investere i bibliotek og at det er eit feilgrep å be biblioteksektoren om ta eit så stort innsparingstak.

Argumentasjonen vår var todelt:

1) det er nødvendig å modernisere hovudbiblioteket (og då må det ikkje reduserast i investeringsmidlar som allereie ligg inne)

2) synleggjere kor viktig bibliotek er (og at det er synd å kutte i denne tenesta).

Her kunne vi ha vore tydelegare på at det gjeld heile bibliotektenesta, men sidan dette var eit hjartesukk frå dei tilsette ved Førde bibliotek, var det naturlig å bruke døme frå dette biblioteket.

Dei to skribentane frå Viksdalen har låst seg på at tilbodet til Førde bibliotek, berre er dei fysiske tilboda ein får ved å oppsøke biblioteket i Førde. Når vi skriv at tilbodet er viktig for eldre, born og unge, så tenkjer vi på dei tilboda som blir administrert og delvis utført av tilsette ved Førde bibliotek.

Førde bibliotek administrerer mellom anna litteraturformidling som Sommarles og Vinterles. Det vil seie at det er i Førde det blir ordna med premiar og underhaldning, eller besøker Viksdalen skule med bokprat og bokkassar. Førde bibliotek har og det administrative ansvaret for dei digitale tenestene til alle bibliotek i kommunen. Det ligg i vårt mandat som hovudbibliotek å gje gode bibliotektilbod til alle – uavhengig av kvar ein bur.

Vi prøver ikkje «å slå om oss med tilbod som berre fantasien set grenser for». Her har dei misforstått argumentasjonen. Når vi skriv at vi «gjer kvardagen enklare og meir økonomisk for mange ved å tilby gratis lån av skiutstyr, pensumlitteratur, språkkurs og dyre barnebøker (…)», så er det for å synleggjere kor viktig gratisprinsippet er. Det gjeld alle bibliotek, ikkje berre Førde. Viksdalen låner også ut barnebøker eller kan skaffe kostbare pensum-bøker. Om Viksdalen vil starte med utlån av ski, så er det ingenting i vegen for det. Det er ikkje ei oppgåve vi ta på oss, men som vi ser som ei forlenging av gratis-prinsippet og ein viktig faktor for å utgjevne sosiale skilje. Eit enkelt tiltak som tek omsyn til både miljø og privatøkonomi.

Her vel ein dessutan å tolke desse argumenta som ei skryteliste for Førde bibliotek, men dette er ei liste alle bibliotek kan lage. Gratis-prinsippet, folkeopplysning, møteplassfunksjon kjem av biblioteklova og dette veit og ein tidlegare biblioteksjef frå Viksdalen.

Det var heller ikkje vår intensjon å sette dei to biblioteka opp mot kvarandre. Vi ville opplyse om kva som står på spel ved å bruke investeringsmidlar meint til Førde bibliotek på nye bibliotekmodellar i kommunen. Modellar som ikkje er utvikla på bakgrunn av ein bibliotekplan, men på bakgrunn av eit kuttforslag. I ei ideell verd hadde vi saman utvikla ein god og langsiktig plan med forslag til investering, der ALLE seks bibliotek var med og der ALLE bibliotek fekk den oppgraderinga dei så sårt treng. Med gårsdagens kommunestyrevedtak vil fire av seks bibliotek få ei modernisering. Vassenden og Viksdalen vil ikkje.

Skribentane føler seg svekka av fagfolk og lurer på kven som står bak «faglege råd» i denne saka. Saksutgreiinga støtter seg blant anna på einingsleiar for bibliotek som har den øvste kompetansen om biblioteka våre, på nasjonale signal og føringar – blant anna frå Nasjonalbiblioteket og uttale frå NBF Vestland. Vi forstår engasjementet og dette er ingen lett sak. Ingen i bibliotekverda ønskjer å legge ned bibliotek. Men irritasjonen bør kanskje ikkje rettast mot dei som kjempar mot konsekvensane av kuttvedtaket, men mot dei som peikte på bibliotek når det skulle kuttast innan kultur og idrett. Blant dei mange tenestene innan kultur og idrett, er bibliotek ei lovpålagt teneste, som i tillegg blir drive 1 million kroner rimelegare enn gjennomsnittet. Likevel er det bibliotek som må ta kuttet. Det er det urettferdige i denne saka. Vedtaket som nå er gjort, sikrar bibliotek for alle, men det vil få direkte konsekvensar for alle bibliotekbrukarane i Sunnfjord, bortsett frå dei i Viksdalen og på Vassenden.

Vi håper at dette var litt oppklarande og at vi i framtida kan jobbe saman for å få endå betre bibliotektenester i heile kommunen.

Kva dei tilsette ved Førde bibliotek tenkjer på

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken