Opning av flyplassane på Sandane og Førde

REISEMØNSTER: Frå næringslivet i dei områda som har stengde flyplassar er det ein frykt for at når stenginga varer i over to månader kan dette påverke det framtidige reisemønsteret til den einskilde flyplass og dermed også rutetilbod., skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Sandane lufthamn på Anda.

REISEMØNSTER: Frå næringslivet i dei områda som har stengde flyplassar er det ein frykt for at når stenginga varer i over to månader kan dette påverke det framtidige reisemønsteret til den einskilde flyplass og dermed også rutetilbod., skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Sandane lufthamn på Anda. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Ope brev til Avinor.

Frå og med 18. mars stengde Avinor ni kortbaneflyplassar for all kommersiell flyging. På Vestlandet var det Sandane og Førde lufthamner som vart stengde.

Vi har stor forståing for at når det meste av trafikken fall bort så måtte det få konsekvensar for rutetilbodet. I mars månad har vi registert at så mykje som 80-90 prosent av trafikken fall bort. Som eit tiltak for å oppretthalde eit minimumsrutetilbod i distrikta løyvde regjering og storting ekstra millionar til Widerøe for å oppretthalde eit tilbod.

Så langt eg har registrert er det tenkt at stenging av dei ni flyplassane skal vare ut heile mai månad.

Når no samfunnet etter kvart tek til å fungere att, er det grunn til å tru at særleg næringslivet vil har behov for flytenester att. I alle fall vil eg be Avinor vurdere om ein skal dele litt på byrdene med stengde flyplassar, slik at nokre av dei som no har vore stengde kan opnast att og eventuelt kan stenge andre flyplassar. Slik vil ein for dei reisande fordele litt av ulempene med at ein må ha bakketransport til ein annan flyplass enn den ein primært brukar.

I vårt område vil oppmodinga gå på å opne opp att flyplassane i Førde og på Sandane i mai månad. Om det har som konsekvens at andre må stengast er det opp til Avinor å vurdere.

Frå næringslivet i dei områda som har stengde flyplassar er det ein frykt for at når stenginga varer i over to månader kan dette påverke det framtidige reisemønsteret til den einskilde flyplass og dermed også rutetilbod.

Eg oppmodar derfor Avinor om å ta ei vurdering på om nokre av dei flyplassane som no har vore stengde kan opnast opp på nytt. For næringslivet som skal bygge seg opp att etter ein kraftig nedtur, blir god infrastruktur ein viktig innsatsfaktor.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags