Maskiner og mannskap er på plass, og ryddinga av vegen er i gang. Det blir fortløpande vurdert når vegen kan opne, fortel Steinar Håvik, som er driftsleiar i Statens vegvesen.
– Når vi opnar vegen igjen blir det manuell dirigering ein periode. I starten kjem må folk pårekne opp mot ein halv time ventetid også, seier han og fortel at dei reknar med å i alle fall ha delvis open veg innan klokka 15.00.
Marianne Kjøllesdal Sundal er geolog i Statens vegvesen. Ho er på rasstaden for å vurdere området der raset skjedde på rv.5 mellom Førde og Naustdal. Video: Roy Sunde
Kor snart det blir opning blir avgjort av kva geologen finn. Ho har fått gjort ei første vurdering av rasområdet:
– Det som har skjedd er at det har rasa ut frå sjølve vegskjeringa, fortel geolog Marianne Kjøllesdal Sundal. Ho jobbar på drift og vedlikehald i Statens Vegvesen.
– Vi har vore oppe i lift og det vi ser er at det er nokre sprekkar der bak som vi ønskjer å sjå nærmare på. Per no venter vi medan det blir fjerna vegetasjon og torv på toppen av skjeringa, og så skal vi opp igjen med lift og spett og undersøke sprekkane. Vi er nøydd til å stabilisere toppen av skjeringa, før vi tek ei ny vurdering på opning, seier ho og held fram.
– Den vurderinga kjem vi til å gjere i løpet av halvannan time, seier Sundal om situasjonen rett før klokka 11.00 i formiddag.
SISTE: Klokka 13.15 melder Vegtrafikksentralen at vegen vil bli opna for manuell dirigering klokka 15.00.

Bussjåførane er «skorfaste» på grunn av raset: – Eg har kollegaer som vaknar om natta med mareritt om ras her
Firda rapporterar frå staden. Video: Roy Sunde
