Opnar for gratis kredittsjekking dei neste fire vekene

Vil hindre at bedrifter som går konkurs drar andre med seg.

DEL

Data- og analyseselskapet Bisnode skriv i ei pressemelding at dei forventar sterk auke i konkursar dei enste månadane, som følge av koronavirus, låg oljepris og svak krone.

Dei opnar sin kredittdatabase for fri tilgang i ein månad.

– Vi sit på enorme mengder data som representerer fakta om tilstanden i norsk næringsliv. Denne innsikta vil kunne gjere at levedyktige bedrifter kan unngå tap på sine fordringar, seier analysesjef Kari Mette Almskog i pressemeldinga.

Fordringar betyr pengekrav. Kredittsjekk av næringsverksemder gir informasjon som rekneskapstal, betalingsmerknader, rating, endringar i styret og liknande.

– Å gi kreditt er det same som å låne vekk pengar. Vi oppfordrar derfor alltid til at ein kredittsjekkar dei ein gir kreditten til. No er det både gratis og viktigare enn nokon gong, seier Almskog.

Artikkeltags