Opnar alle skular måndag

Av

Regjeringa har bestemt at alle skular opnar igjen kommande måndag.

DEL

Under regjeringas pressekonferanse som starta klokka 18.00 vart det klart at alle skular opnar igjen kommande måndag.

Det betyr at 5.-10. klasse i grunnskulen og vidaregåande skular skal i gang igjen.

– Så langt det lèt seg gjere, skal elevane få ein mest mogleg normal skulekvardag tilbake neste veke, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

– Alle dei helsefaglege råda vi har fått, tilseier at det er trygt å opne skulane for resten av elevane no, så lenge smittevernreglane blir følgde. Det kan bety at ikkje alle elevane kan vere på skulen samtidig, men det er viktig at skulane strekk seg langt for å gi eit godt skuletilbod, seier ho.

Ho seier det kan vere behov for å gjere lokale tilpassingar.

Statsminister Erna Solberg seier dei legg opp til å opne opp litt kvar 14. dag framover.


Artikkeltags