Opna att etter at bilhavari stengde tunnelen i ein halvtime

STENGT: Bilane måtte vente medan ein bil måtte bergast ut av Amlatunnelen søndag kveld. Tunnelen er no opna att.

STENGT: Bilane måtte vente medan ein bil måtte bergast ut av Amlatunnelen søndag kveld. Tunnelen er no opna att. Foto:

Ein bil måtte fjernast frå Amlatunnelen ved Mannheller ferjekai, etter å ha havarert midt i tunnelen.

DEL

Tunnelen på rv. 5 måtte stengast 18.23, men vart opna att 18.50. Det melder Vegtrafikksentralen Vest.

– Det var ein bil som hadde fått eit havari, midt i tunnelen. Då måtte vi stenge for å få plass til å berge den. Det er ein stad i tunnelen vi ikkje har oversikt med kamera, seier Trafikkoperatør Nina Heggernes til Firda.

Ho fortel at bilen no er henta av bilbergar, og at tunnelen dermed er opna att.

Ho har ikkje kjennskap til om det har bygd seg opp ekstra køar i tidsrommet tunnelen har vore stengt.

– Vi har ikkje fått telefonar frå bilistar, seier ho.

Artikkeltags