SKRÅBLIKK: Til dømes: Om morgonen, måndag 3. oktober på veg til jobb.

– Har du vore ute i bilen, spør kona mi, i det eg kjem ut til bilen.

– Døra står på gløtt, og det ligg ting rundt om i setet, slo ho fast.

– Nei, ikkje som eg veit om, svarte eg.

Så slo eg det heile frå meg, med at eg kanskje hadde vore ute i bilen kvelden før, og gløymt det heile. Nok eit lite teikn på litt tidlegdemens.

Journalisten som ikkje ser nyhende rett under eiga nase

Dagen rulla vidare, med heilt andre tankar enn ein rotete bil.

Nokre timar seinare var eg på jobb i Guddalen, då telefonen brått byrja å mase. Kona mi ringde eit par gongar, med ti minutt mellomrom. Eg ignorererte den, sidan eg sat i eit intervju.

Til slutt peip det inn ei tekstmelding: «Det har vore tjuveri i heile området i natt. Så dei har nok vore inne i bilen vår også».

Ein kjapp tur innom firda.no fortalde meg at eg ikkje var den einaste.

På tur heim igjen vurderte eg om eg berre skulle halde stilt. Eg frykta at journalistar med så dårlig instinkt for nyhende måtte på omskulering, i beste fall. Men eg delte no likevel. Sanninga kjem stort sett på bordet til slutt uansett.

(Og eg er framleis i jobb).

Etter ein relativt, grundig sjekk av innhaldet i bilen, var konklusjonen at det ikkje var stole noko. Sidan vi var i Bergen helga før, var bilen rydda. Kona mi ringde no likevel politiet og melde frå at gjerningspersonen hadde vitja oss også.

Ikkje så god til å sjekke

To dagar seinare var eg i bilen, for å hente eit par joggesko. Eg huska klårt og tydeleg at dei stod i bagasjerommet.

Eg skriv «stod», for då eg opna bagasjerommet, var dei ikkje der. Sidan eg ikkje alltid stoler 100 prosent på hukommelsen lenger, gav eg meg ut på leiting.

– Har du sett dei nyaste Hoka-skoa mine, spurde eg kona mi, som brukar å ha langt betre oversikt enn eg sjølv kan skryte på meg.

– Nei, var den korte dommen.

Etter ti minutts gjennomgang av skoskap og gangen var konklusjonen enkel: Skoa var stolne.

Kven som kunne synke så langt ned i desperasjon at dei såg seg nøydd til å stele eit godt brukt joggeskopar, som strengt tatt ikkje dufta blomstereng lenger, var også ganske openbert.

Det neste som vart openbert er at den tidligare sjekken min av bilen ikkje var så mykje å skryte av. Dårlig research, kallast slikt.

Om straff og slikt

Eg ringde politiet, for å melde skoa sakna. Kort tid etter ringde ei triveleg politidame for å hente inn fleire opplysningar. Dei fleste spørsmåla var av sorten eg sjølv ville stilt, om det var eg som hadde ringt ho for å få opplysningar: Kva, kvar, når osv.

Brått svinga eit tyngre, meir filosofisk spørsmål inn frå sidelinja:

– Ønskjer du at gjerningspersonen skal straffast, spurde ho.

Det tok meg på senga. Eg trudde myndigheitene dei siste 1000 åra hadde teke seg av aspektet om straff. Hovudet mitt vart fylt av mykje rart:

Om eg svarar ja på spørsmålet, må eg velje mellom ulike alternativ?

  • Ris på stumpen?
  • Strengt tilsnakk?
  • Gapestokk?
  • Soning på vatn og brød?
  • Tvungen behandling dersom det er rus eller psykiatri inne i biletet?

Sekunda tikka medan hjernen min jobba på spreng: Ønskjer eg å straffe personen? Strengt tatt har eg ikkje noko forhold til denne gjerningspersonen.

Det einaste eg veit er at han på eit eller anna tidspunkt nappa til seg skoa mine! Og at han ikkje var intressert i bøker, sidan han ikkje tok boka som også låg i bagasjerommet.

Kanskje han berre trong eit par gode sko?

Kanskje var han våt på beina? Eller fraus på beina? Ikkje at desse joggeskoa er så himla varme, men likevel. Kanskje måtte han flykte raskt? Då er god demping viktig.

Ingenting av dette sa eg. Eg vil jo ikkje at folk skal tru eg er rar heller.

– Strengt tatt vil eg berre ha skoa mine tilbake, svarte eg og tenkte at slike spørsmål er best å overlate til fagfolk.

– Eg vil berre ha skoa mine eg

Politiet var ikkje ferdig med dei tunge spørsmåla:

– Om skoa ikkje dukkar opp, ønskjer du erstatning for dei då?

Det soleklare valet er jo ja, men det føltest meir som eit spørsmål om eg har lyst å vinne i lotto: Kva er sannsynet for at ein person som har stole ein drøss med små og store gjenstandar, sit på nok cash til å løyse ut eit nytt par joggesko? Og kor mange andre ting skal erstattast før skoa mine?

Eg landa på at svaret «ja» var meir til bryderi enn praktisk betydning.

– Om de finn skoa, er det topp, viss ikkje trur eg nesten eg berre avskriv dette som tap, slo eg fast.

– Syns du folk er flinke til å låse bilane sine?

Nokre minutt seinare var samtalen kommen til ende, og berre eit siste spørsmål stod att.

– Synest du folk er flinke til å låse bilane sine?

Som journalist berømmer eg spørsmålet, eg hadde nok stilt det sjølv. Men eg følte at vi begge visste svaret. Og at eg var barnet som vart oppdregen. Så eg beit ikkje på.

– Strengt tatt ikkje, svarte eg.

Stille trassande tenkte eg at det er betre å miste nokre gamle sko, heller enn at nokon knuser ei rute på bilen. Lærdommen er vel å ikkje ha noko av verdi i bilen. Eg fortalde heller ikkje at eg har ein app, som varslar når bilen ikkje er låst. Og ei kone som har ein langt hissigare låsefilosofi enn meg, som er glad i å seie: «Det var det eg sa!». «Happy wife, happy life» er meir verdt enn gamle joggesko.

14 dagar med færre valmoglegheiter

Eg gikk vidare i livet, som ein mann med berre to par Hoka-joggesko. Det gjekk på eit vis, det også. Kanskje det burde vere eit ei kinesisk ordtak for det: «ein mann med to joggesko er ikkje mykje mindre lukkeleg enn han som har tre.»

På dagen 14 dagar etter at eg hadde mista skoa, 12 dagar etter at eg oppdaga det, ringde telefonen.

– Hei! Vi trur vi har funne joggeskoa dine. Kan du komme bort og sjå?

Det måtte vente til dagen etter, sidan politiet stenger dørene litt før Firda.

– Er dette dine sko?

– Det er det, svarte eg lukkeleg.

Det vesle skåret i gleda var odøren dei hadde fått, etter å ha tilbrakt litt tid i ein bag med illeluktande klede. Men ikkje verre enn at eg etter ein vask har funne dei godkjende igjen.

Som ein bonus fekk eg tilbake eit brilleetui som tilhøyrer eine dotter mi.

PS: Om nokre der ute no skulle bli inspirert av dette innlegget, så må eg skuffe dykk. No passar eg på at bilen er låst kvar kveld. Og eg let sjølv ikkje eit par joggesko stå att. Dette berre til informasjon.

PS, PS: Til den det måtte vedkomme: Seinare undersøkingar tyder på at det også er stole ei pute som kona mi hadde i bilen, til lange turar. Om nokon der ute sit på dårlig samvit for den, og vil levere den tilbake, så skal eg framleis halde meg nøytral i spørsmålet om straff.

PS, PS, PS: Kai Aage Pedersen er på ferie denne veka, så vi får sjå når tilståinga er lagt fram om eg framleis har jobb på måndag.