– Det blir flott å kome i mål og å kunne sette fri ferdsel i tunnelen, seier byggeleiar Sverre Torgeir Kjos-Wenjum i Statens vegvesen.

Onsdag 9. november opnar den nye tofelts tunnelen på rv. 5 i Jølster. Seremonien startar rundt klokka 11.45 og vil vare ein times tid.

Stenger vegen under seremonien

Kjos-Wenjum seier trafikken vil bli leia gjennom tunnelen fram til klokka 09.00 onsdag morgon. Deretter er det fri ferdsel fram til rundt klokka 12.00, når seremonien startar.

Under seremonien vil vegen vere stengd, og det blir ikkje mogleg for omkøyring.

– Vi ønsker ikkje å hindre trafikken for lenge, men vegen vil vere stengd ein times tid under seremonien. Men vi har god tru på at dette skal gå fint!

Vegen blir opna igjen rundt klokka 13.00, og då vil det vere fri ferdsel gjennom den nye tunnelen.

Fullt program

Opningsseremonien blir halde på riksvegen, ved tunnelopninga på Kjøsnes-sida.

Under seremonien vil det mellom anna bli servert kake og kaffi. Det blir også musikkinnslag av Jølster Musikklag og Erlend Apneseth.

Det blir også fleire talar frå mellom andre ordførar Jenny Følling, Statens vegvesen og totalentreprenør Hæhre Entreprenør As. Statssekretær Tom Kalsås i samferdsledepartementet skal også seie nokre ord og klippe snora som offisielt markerer opninga av tunnelen.

Skøytte saman to tunnelar

Sidan oktober 2019 har det vore arbeidd med Kjøsnestunnelen som blir kopla på den eksisterande Støylsnestunnelen på Jølster. Til saman vil 8,6 kilometer av strekka langs Kjøsnesfjorden ligge i fjellet.

Gjennom heile byggingsperioden har trafikken gått gjennom den eksisterande Støylsnestunnelen, men den siste tida har trafikken vore flytta til Kjøsnestunnelen medan arbeidet med å stenge den gamle utgangen har gått føre seg.

No vil det vere ein utgang på Lunde og ein på Kjøsnes. Den eksisterande utgangen som er lukka vil bli brukt som ein av to naudutgangar.

Les meir om den nye Kjøsnestunnelen her: