Gå til sidens hovedinnhold

Omkommen basehoppar i Loen trefte truleg fjellsida først

Skadane til kvinna som mista livet i ei basehopp-ulykke i Loen tidlegare denne månaden, tilseier at ho trefte fjellet eller terrenget først.

Ifølge NRK tilseier skadane til kvinna at ho trefte fjellveggen eller terrenget først.

Til avisa Fjordingen opplyser politioverbetjent Vidar Stavik i Vest politidistrikt at ho ikkje hadde løyst ut fallskjermen først.

47 år gamle Amy Griffin Kjørsvik døydde i ulykka 10. juli. Ho hadde adresse i Trysil.

Kvinna vart sist sett i gondolen på veg opp for å hoppe, og vart meldt sakna då ho ikkje møtte jobb.

(©NPK)

Les også

Lars Jørgen (46) mista kona i basehoppulykka i Loen: – Vi fekk berre tre år saman, men det følast som eit heilt liv

Les også

Politiet etterforskar dødsulykka: Fallskjermen løyste seg ikkje ut