Gå til sidens hovedinnhold

Om lag 100 millionar meir til ferjedrift

Artikkelen er over 1 år gammel

Regjeringa tilrår at det skal løyvast nær 1,6 milliardar til statleg kjøp av riksvegferjetenester. Det svarar til om lag ein auke på 100 millionar frå i fjor.

Det skriv avisa Nationen.

I tillegg får fylka 1,25 milliardar i kompensasjon for tapte billettinntekter i kollektivtransporten under korona.

Både i Nordland og Møre og Romsdal, fylka som har flest ferjesamband, auka prisane for reiser kraftig i januar. Nordland gjekk tilbake til gamle prisar i vår, men Møre og Romsdal gjekk berre førebels tilbake under koronakrisen, før dei igjen gjekk opp i pris. Både fylkesrådmannen og fleire fylkespolitikarar har trudd at fylket kom til å gå 100 millionar kroner i minus grunna koronakrisa, men med det nye budsjettet ser det lysare ut.

– Vi er glade for at fylkeskommunen får kompensert for inntektstap i kollektivtransporten som følgje av koronapandemien også neste år. Når det gjeld koronasituasjonen elles, så har vi heile tida vore opptekne av at kommunar og fylkeskommunar skal vere heilt trygge på at dei blir kompenserte for alle faktiske inntektstap og utgiftsaukar. Eg har inntrykk av at dette er regjeringa sitt formål, seier KS-styreleiar Bjørn Arild Gram på i ei sak på nettsidene til KS gitt att av Sunnmørsposten.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken