Gå til sidens hovedinnhold

Om lag 100 abonnentar råka av distribusjonsfeil

Artikkelen er over 1 år gammel

Denne veka har det vore store problem med avisleveringa i Høyanger sentrum og Balestrand. Årsaka er sjukdom.

– Vi beklagar det som har skjedd og har jobba hardt for å få ordna opp i problemet. No skal det vere løyst, seier distribusjonsleiar Steinar Sæther i Sogn og Fjordane distribusjon.

Denne veka har Firda-abonnentar i Høyanger sentrum og Balestrand ikkje fått avisa. Dette gjeld 74 abonnentar i Høyanger og 30 abonnentar i Balestrand.

Årsaka til problemet er sjukdom, opplyser Sæther.

– Kva skjer med dei avisene abonnentane ikkje har fått?

– Dei skal bli etterlevert, svarar Sæther.

Sogn og Fjordane distribusjon har også ansvar for leveringa av Ytre Sogn og Sogn Avis. Distribusjonsproblema har difor også gått ut over leveringa av desse avisene.

Kommentarer til denne saken