I eit intervju i Firda den 22. nov. 2022 tek Hans Jakob Reite til orde for at nokre bygningar i Førde sentrum bør vernast, m.a. Firda Billag og DOMUS. Eg fekk lyst til å henge meg på og spinne vidare på tråden, i ein noko vidare samanheng.

Utviklinga av Førde som det første handelssenteret i fylket tok til på 1950 – 60-talet, med sterkare og sterkare vekst resten av hundreåret, og litt til. I 10 året frå 1970 til 1980 hadde Førde ein folketilvekst på 5 % pr. år, i snitt (det er truleg ein noregsrekord), og dermed vart det følgeleg svært stor byggeaktivitet.

Bygga som vart oppførte i denne perioden vart sjølvsagt prega av den byggestilen – det formspråket – som til ei kvar tid var rådande i landet. Og det var nokså skiftande, frå om lag 10 år til 10 år. Det medførte at etter kvart kunne Førde vise fram eit heilskaps – bilde som representerte mest alle dei arkitektur-variantane som var nytta, frå 1950 – talet og fram til byrjinga av 2000 – talet. Meir enn nokon annan tettstad i Norge. Ein kunne nærmast lese historia om Førde si utvikling ut frå byggestil. Dette var eit særpreg for Førde, noko av Førde sin identitet.

Men, so overtok rivingslysta. Mange bygg som burde hatt verneverdig status, vart på kort tid rivne. Mest har dette gått utover arkitekt Conny Henden sine mange gode og stilreine bygg frå midten av 1900 – talet.

På sørsida av Førde sentrum teikna Conny Henden Samvirkelaget, Førde Fargehandel, Bergebygget, Hjellebygget, Førde Sport. Her er ingen ting att av C. H. sitt formspråk og signatur. Anten er bygga rivne, eller så har dei fått annan utsjånad.

På nordsida teikna C. H. mellom anna Firda Billag, Sunnfjord Hotell og Sparebanken. No er det berre Firda Billag som står att, som einaste representant for C. H. sitt formspråk og arkitektur. Det er då ein svært god grunn for å verne dette bygget.

Her på nordsida vart det på 1930 talet bygt 3 bustadhus – av 3 bergensarkitektar – i den ypparste funksjonalistiske stil, som vi hadde i perioden 1925–1940. Det eine var Østenstadhuset (mellom Sparebanken og Øens prent), teikna av Leif Grung, – kanskje den fremste av alle Bergen sine mange dyktige arkitektar på den tida. Huset vart rive då banken skulle bygge nytt.

Dei to andre var Øvrebøhuset (der begravelsebyrået no ligg), og Bettenhuset (nord for Sparebanken). Berre Bettenhuset står att. Dette huset er tidstypisk for den beste funksjonalistiske arkitekturen. Det vart godt rusta opp for ein del år sidan, og bør såleis vere liv laga.

I Angedalsvegen–ved sida av det nye Huusbygget–stod den gule distriktslegebustaden. Eit vakkert, særprega og funksjonelt godt hus, teikna av arkitekt Mohagen omkring 1960.

Det burde vore verna, men er nett no i år rive. I staden er det kome opp ein koloss på 5 etasjar, som eit visuelt stengsel.

Eg er samd med Reite i at Firda Billag og DOMUS bør vernast. Grunngjevinga for Firda Billag er nemnt ovanfor. Når det gjeld DOMUS, så er dette eit svært godt døme på den tidstypiske arkitekturen det representerer. Teikna av arkitekt Tore Sveram (Bergen).

Noko som uroar meg no er kva som kan skje med NRK-bygget, når det kjem inn nye eigarar.

NRK-bygget vart teikna av Jan Bauck (Oslo) og er verneverdig både av omsyn til arkitektonisk kvalitet, og som kulturhistorisk objekt, ved etableringa av NRK si distriktsavdeling i Sogn og Fjordane. Dette bygget må takast vare på slik det står i dag, – og det same må den gamle, raude brannstasjonen som står like ved.