Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eg snakkar av og til med venner som er foreldre til barn i barnehage, og spør dei litt om korleis det er. Eg kjem ofte fram til at foreldra er ganske uvitande om korleis det står til med blant anna bemanninga i barnehagen.
Foreldra blir lova ei bemanningsnorm som seier at det skal vere minimum 3 tilsette på 9 barn på småbarnsavdelinga og minimum 3 tilsette på 18 barn på storbarnsavdelinga i barnehagen. Kor mange timar i veka er det eigentleg slik?
For det første så er barnehagen open frå 07.00-16.30, altså 9,5 time per dag og 47,5 time per veke. Dei tilsette jobbar 37,5 time per veke. De ser allereie her at dette ikkje stemmer overeins.
For det andre så er det 3 tilsette på jobb berre frå 9.00-14.30. Altså 5,5 time av opningstida på 9,5 time og 27,5 time per veke med bemanning etter bemanningsnorma.
For det tredje, så er det veldig mange ting som skal skje i dei 27,5 timane i ei veke. I løpet av dei timane skal dei tilsette ha 1/2 time pause kvar dag og pedagogane skal ha 4 timar per veke på kontoret for å planlegge. (Som er altfor lite tid på kontoret, men det er ei anna sak). I tillegg til dette så skal det vere avdelingsmøte, pedagogisk leiar møte, trepartsmøte og andre møter. Det skal og vere tid til foreldresamtalar.
Etter ei kjapp utrekning kjem eg fram til at barna får oppfylt denne bemanningsnorma med 3 tilsette til stades på avdelinga i 9 timar per veke. 9 timar! Det er under to timar per dag. Og langt ifrå 47,5 time per veke. Dette er når ingen av dei tilsette enten er sjuke, har sjukt barn eller er vekke av andre grunnar. Det seier seg sjølv at bemanninga i barnehage er altfor dårleg. Og dette er for dårleg for dei mest dyrebare vi har, nemleg barna våre!
(Dette er rekna ut frå mi avdeling der eg jobbar. Eg trur det kan vere både verre og betre tilfelle på andre avdelingar og i andre barnehagar. Men eg trur og at det er mange avdelingar som har det slik).

Kritisk til planar om storbarnehage: – Vi driv ikkje med barnepass
Eg er stolt av jobben min, la meg vere det i framtida også!

Eit tidsskifte i Haukedalen
