Om å spare seg til fant

TEKNOLOGI: Kvar dag rullar vogntog etter vogntog med ost, melk, kjøt, fisk, bær, sylte, saft og mykje meir frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn til resten av landet og vi har skapt ny teknologi både på land og til sjøs for heile verda, skriv artikkelforfattaren. På bildet Turistbåten Vision of the Fjords får sommaren bygd ved Brødrene Aa i Hyen.

TEKNOLOGI: Kvar dag rullar vogntog etter vogntog med ost, melk, kjøt, fisk, bær, sylte, saft og mykje meir frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn til resten av landet og vi har skapt ny teknologi både på land og til sjøs for heile verda, skriv artikkelforfattaren. På bildet Turistbåten Vision of the Fjords får sommaren bygd ved Brødrene Aa i Hyen. Foto:

Av
DEL

MeiningarOpe brev til fylkestingsrepresentantane i Vestland.

Det kan vere vanskeleg å spare seg til suksess spesielt innan vidaregåande utdanning. Som tidlegare leiar i undervisningsutvalet i gamle Sogn og Fjordane fylkeskommune er eg uroa for framtida til dei vidaregåande skulane i denne delen av nye Vestland.

I det daglege er eg kjøkensjef og Morten Schakenda på Lom minner meg på kor viktig det er å sjå framover i den flotte oppskriftsboka si der han seier at vi må investere for å få utbytte, anten det gjeld forhold, karriere, næringsliv eller bollar.

Eg har lyst å legge til: opplæring av framtidige generasjonar som vil bu og arbeide her. Utfordringa vår i dag er at det er så mange som berre er opptatt av si eiga «kake og si oppskrift». Alle ser på sitt budsjett og kvar dei kan kutte kostnadar for å bli flinkast i klassa og få skryt i det nye fylket og i statsapparatet.

Når det skal sparast fell blikket fort på små og grisgrendte område som tidlegare Sogn og Fjordane som er «dyre i drift» pr. innbyggjar, noko som er ei sanning med svært store modifikasjonar slik eg ser det. Eg kan umogleg unngå å tenkjer på kva Noreg som nasjon fekk igjen for satsing og investering i distrikta på 60-, 70- og 80-talet. Eg tenkjer at det aller viktigaste resultatet var at vi som bur her fekk trua på oss sjølve og at det vi driv med er verdifullt for heile landet. Det gjorde oss ekstra motiverte til å stå på og utvikle gode lokalsamfunn og arbeid til alle.

Kvar dag rullar vogntog etter vogntog med ost, mjølk, kjøt, fisk, bær, sylte, saft og mykje meir frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn til resten av landet og vi har skapt ny teknologi både på land og til sjøs for heile verda. Dyktige folk innan alle område både i jobb og fritid gjev oss nye gleder kvar ein dag til dømes gjennom idrett og media. Gamlefylket har merkt seg ut med lågast arbeidsløyse, færrast konkursar og toppresultat og stor gjennomføringsevne i vidaregåande skule. Eksport av kompetent ungdom er det viktigaste bidraget frå distrikta til storsamfunnet.

Verdien av utdanning blir større og større etter kvart som vi manglar arbeidskraft. La oss i alle fall halde oppe nok skuleplassar i den vidaregåande skulen også i denne delen av Vestland. Søknadstala seier sitt, og 1. valet er avgjerande for kor motiverte elevane er for å gjennomføre og stå løpet ut for god kunnskap som sikrar fast arbeid.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags