Oljesøl sperrar veg

Vegen mellom Sandane sentrum og Best-stasjonen er no stengd.

DEL

Årsaka til oljesølet er at ein dumper fekk knekt akslingen under køyring, noko som førte til oljesøl på vegen mellom Sandane sentrum og Best-stasjonen på Kleivedammen. Det melder operasjonsleiar Eivind Hellesund i Politiet Vest.

Han fortel at brannvesen er på veg til staden, og at entreprenøren til Statens vegvesen har rykka ut for å ha på eit absorberande stoff som skal få vekk oljen.

– Dumparen står midt i vegen og vengar på bilberging, seier Hellesund.

Politiet fekk melding om uhellet klokka 1329.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken