– Responsen var så bra at dette nok blir gjort fleire gonger, og vårt håp er at det også kan overførast til andre bransjar og andre messer, seier dagleg leiar i Maritim Forening i Sogn og Fjordane, Stein Kvalsund.

Ti frå fylket deltok

Ti petroleumsrelaterte bedrifter frå Sogn og Fjordane var blant dei 1242 utstillarane på Oljemessa i Stavanger, og ifølgje Kvalsund vart dei lagt godt merke til.

– Det heile fungerte etter intensjonen, og bedriftene fekk svært mange nye kontaktar og kontakt med potensielt framtidige kundar, seier Kvalsund.

– Synleggjere samhald

– Kvifor felles stand for Sogn og Fjordane?

– Vi ville framstille alle under ein felles identitet med open samling rundt aktørane og på den måte synleggjere samhaldet mellom dei, seier Kvalsund.

Oljemessa i Stavanger hadde i år 65.718 besøkande frå meir enn 100 land, og dei 1242 utstillarane kom frå 40 land. Utstillingsområdet var på heile 24.000 kvadratmeter. Messa vart avslutta torsdag.

Det er Florø-firmaet Artwerk som har planlagt, designa og gjennomført årets satsing, går det fram av ei pressemelding frå selskapet.