– Vi har det bra i Norge, men eg saknar mannen min, seier Olga Hnidenko.
I barnevogna ligg sonen hennar. Han vart fødd i april 2022 – same månad som Hnidenko la på flukt.
Ei vanskeleg tid
Fredag ettermiddag arrangerte Sunnfjord kommune ei markering for krigen i Ukraina. På denne dagen er det eitt år sidan Russland angreip Ukraina frå fleire grenseavsnitt.
Sidan har over seks millionar menneske måtte flykte frå landet. Hnidenko er éi av dei.
I april 2022 kom ho til Norge frå Kyiv, saman med dei to sønene sine. 35-åringen fortel at ho på mange måtar er heldig, som har fått flytte til Førde saman med fleire i storfamilien.
Eldstesonen på fire år har starta i barnehage, og sjølv er ho godt i gang med norskkurs. Familien har begynt å skape eitt nytt liv i Førde, og Hnidenko fortel at dei trivst.
Likevel ber ho på ei stor sorg.
– Mannen min er framleis i Ukraina. Det er tungt å ikkje få vere saman, seier ho.
Sjå video frå markeringa nedst i saka.
Fordømmer Putin – ikkje det russiske folket
Markeringa starta ved Festplassen i Førde.
Jenny Følling, ordførar i Sunnfjord kommune, ønskte velkommen til forsamlinga før folketoget sette kursen mot rådhusplassen. Ukrainske og norske flagg vaia side om side, og fleire hadde laga plakatar i gult og blått.
– Det er ein mørk dag i historia, og vi står saman i kampen for fridom og demokrati for Ukraina. Det har vore eit brutalt år for det ukrainske folket. Vi kan ikkje førestille oss det grufulle som skjer der no, sa Følling frå scena på rådhusplassen.
Ordføraren drog fram kor øydeleggande krigen har vore, med enorme tapstal på begge side. Ho fordømmer Putin sine handlingar, og strekar under at det er hans regime ein må klandre – ikkje det russiske folket.
– Også dei er offer for Putin sitt totalitære regime og jerngrep. Ein politisk kultur som er heilt uakseptabel og er eit verdisyn ein ikkje kan akseptere. Det russiske folket betalar også ein høg pris.
Prøver å sjå framover
Blant tilskodarane er familien Havrysh.
Dottera, Anastasiia Havrysh fortel at familien kom til Norge 14. september i fjor. Ho synest det er fint å sjå at så mange har samlast i solidaritet.
– Krigen er heilt forferdeleg. Heimbyen vår var så vakker, no ligg den i ruinar, fortel 17-åringen.
Familien er venlege og smilande, men legg ikkje skjul på at dette er ein tung dag. Vissa om korleis situasjonen er i heimlandet pregar både dagen og det nye livet dei held på å skape seg i Norge.
– Vi må sjå framover og gjere det beste av ein enormt vanskeleg situasjon. Eg håpar verkeleg at krigen snart er over, seier Anastasiia.
Eitt år er gått sidan Russland angreip Ukraina. Slik var solidaritetsmarkeringa i Førde.

Éin time etter at Endre (39) reiste ut, gjekk flyalarmen

Flyktningar får pengar til å kjøpe bil
