Gå til sidens hovedinnhold

Olav (10) ville ta med pappas laks frå frysen, men fekk ikkje lov

160 tok turen for å støtte Laksen onsdag kveld. Olav (10) og søstera Lina (7) Espeland Åsen var blant dei.

For abonnentar

– Eg hadde lyst å ta med ein laks frå frysaren på seks kilo, men pappa gav meg ikkje lov. Så då blei det han her eg putta i hoven i staden, seier Olav Espeland Åsen og syner fram ein Nemo-bamse.

Vil at den skal bli verande der i 100 år til

Tiåringen og søstera Lina (7) heiv seg rundt då dei fekk høyre at bestemor Dagny Espeland skulle ned for støtte lysaksjonen for Laksen onsdag kveld.

– Kvifor ville de vere med?

– Vi har lyst å støtte Laksen, seier Olav.

– Vi vil at Laksen skal bli liggande her lenge og vere her i 100 år til, seier Lina.

Dei har begge leika oppå kunstverket, men akkurat denne kvelden var det like greitt å la vere sidan det var så glatt, konstaterte sjuåringen.

– Vi har nok fotballbaner

Rundt heile Laksen var det onsdag kveld lyspunkt, med faklar sett ned i jorda og faklar som folk heldt i hendene.

Målet med aksjonen, som Hans Jakob Reite stod bak, var å syne engasjementet for å bevare kunstverket. Men like viktig, er å sikre seg bilde av den lyssette Laksen for å vise omverda korleis den ser ut.

Torsdag skal sunnfjordpolitikarane bestemme lagnaden til Laksen.

Folka som hadde møtt fram onsdag kveld, var i alle fall klare i sin tale om kva dei meinte.

– Vi har nok fotballbaner i Førde, seier Olav.

Søstera Lina viser fram ein plakat ho har teikna, der bodskapen var klar. «La laksen vere»

At mamma deira var med å lagde laksen på dugnad i si tid, gjer også til at dei synest det er ekstra synd om Laksen ryk.

160 frammøtte

Reite leia heile opptoget. Han var på førehand litt spent på kor mange som kom. Han blei ikkje skuffa. 160 personar møtte opp, og dermed heldt arrangementet seg innanfor grensa på 200 personar.

– La Laksen ligge! var det klare bodskapet han ropte ut til alle dei frammøtte, etter at dronebilde av den lysande Laksen var teke.

Les også

Vi må gjere noko, sa folk. No arrangerer Hans Jakob demonstrasjon for Laksen

– Når bildet kjem på nett, må dei spreie det ut til heile verda!

Rundt Laksen stod folk med faklar i hendene. Nokre lyste opp med mobilen sin. Ørjan Alme var ein av dei.

– Eg er her i dag fordi eg synest Laksen er flott. Jenta mi var med å bygge den i si tid, så vi håper den blir verande.

– Har du tru på at politikarane vil bevare den?

– Det har eg.

Lyshjarte for fotballen

Onsdag kveld dukka det også opp to store lyshjarter ved idrettsbana ved Førdehuset for å markere idretten sine ønskjer framfor torsdagens avgjerd.

Les også

Førde IL: – Ikkje plass på Halbrend

– Kva tenkjer du om det?

– Eg er fotballmann også, så eg håper at også dei kan få sine ønsker innfridd. Ja takk, begge deler!

Også Hans Jakob Reite syntest det var bra at fotballen lagde si markering.

– Det er kjempeflott! Eg er glad i både kunst og idrett, og er ein ihuga fotballmann. I denne saka er vi ueinig, men det må vi tole.

– Trist for Førde om den forsvinn

Eirin Svendsen (28) hadde også tatt turen for å syne si støtte.

– Det er eit kunstverk mange bryr seg om, så difor er eg her i kveld, seier 28-åringen.

Ho jobbar på kunstmuseet, og dermed var det eit naturleg val å støtte aksjonen saman med kollegaene sine.

Kameratane Thor Erling Thorbjørnsen (24) frå Bergen og Jøran Løvik (27) frå Kvammen hadde også tatt turen til Laksen.

– Vi vil behalde kunsten. Ein treng ikkje øydelegge den for å lage fotballbaner, seier Løvik.

– Vi håper den kan bli liggande. Det hadde vore trist for Førde om den forsvann, seier Thorbjørnsen.

Les også

Dei står klar til å hente heim "Laksen"

Les også

7 på gata: Bevare Laksen eller 11-ar bana?

Les også

Laksen vann Firda si avstemming

Kommentarer til denne saken